Kommunedelplan energi og miljø
LO i Trondheim synest det er positivt at Trondheim kommune tek klimautfordringane på alvor og utarbeider eit dokument med offensive klimamål der ein får fram kva me må ta tak i på ulike område, og kva strategiar ein kan nytta for å nå dei oppsette måla.
Det er og positivt at planen rapporterer fakta innan ulike sektorar, slik at ein har eit solid utgangspunkt når strategiar skal utarbeidast. Samstundes får planen på ein god måte fram dei fortrinna me har i Trondheim og Trøndelag når miljø og klima skal ivaretakast.
Vi meiner utkastet til Kommunedelplan: energi og klima 2017-2030 er eit grundig dokument som legg opp til ambisiøse målsettingar. Men me synast at planen i større grad kunne framheva at utfordringane (og løysningane) er globale, me etterlyser konkretisering av tiltaka, og me saknar at kommunen i større grad framstår som ein aktør, i staden for berre ein tilretteleggjar, når konkrete tiltak skal settast i verk.
Vennlig hilsen
—————————— ——————————–
John-Peder Denstad Svein Åge Samuelsen
leder 1. nestleder / sekretær
LO i Trondheim, P.b. 846 Sentrum, 7409 Trondheim
Kontoradresse: Inngang C, Folkets Hus
Tlf. 73-807314 / Tlf. 995 14 216 / e-post: post@loitrondheim.no / hjemmeside: www.loitrondheim.no
Kopi: LOs distriktskontor i Sør-Trøndelag
Kommunedelplan energi og klima 2017 – 2030 – Høyringsf råsegn frå LO i Trondheim